Nytt kjøken

Nytt kjøken klart til bruk

Sommaren og hausten 2024 vart det gjort eit omfattande arbeid med å rehabilitere kjøkenet på bedehuset. Det nye kjøkenet er no klart til bruk.

Det gamle kjøkenet som vart tatt i bruk i 1958 har vore både solig og funksjonelt i fleire generasjonar. Men alt har si tid og det har sidan byggeåret kome forskrifter frå myndigheitene knytta til m.a. hygiene og utforming for slike kjøken. Dette arbeidet har inkludert alt frå rør, elektrisk og anna teknisk installasjon, fornying av golv, tak og veggar, etterisolering, vaskesone med oppvaskmaskin og ikkje minst ny innreing. Den nye løysinga har eigne reine soner for håndtering av mat og reint dekketøy og skitne soner for avfallshandtering og oppvask.

Arbeidet har gått etter planen og er si stor grad gjor på dugnad med noko innleige av elektrikar,røyrleggjar og golvleggjar. Prosjektet er kostnadsberekna til ca 611.000kr.

I anleggsperioda var det ordna eit midlertidig kjøken med kaffetraktarar, kjøkenbenk, oppvaskmaskin, kjøleskap, frysar, litt service og eingongsutstyr på rommet bak hovudsalen slik at huset har kunne vore utleigd og i bruk tilnærma som normalt i denne perioda.

Prosjektet har i tillegg til godt dugnadsarbeid vorte støtte økonomisk frå både private gjevarar og bedrifter. Vi er enda ikkje heilt i mål økonomisk og er svært takksame for alle som kan vere med å bidra. På førehand takk til deg som vil gje!

Støtt prosjektet:

Vippsnummer: 532839 (merk med "Gåve til kjøken")

Bankkonto: 3900.30.57503 (merk med "Gåve til kjøken")

We use cookies to enable the proper functioning and security of our website, and to offer you the best possible user experience.

Advanced settings

You can customize your cookie preferences here. Enable or disable the following categories and save your selection.